Atle Oen

atleoen6

Rufsete amerikana om rufsete levde liv

Atle Oen (44) platedebuterer med ei personleg og potent americanaskive inspirert av artistar som Ryan Adams, Tom Petty og Mark Knopfler. Etter mange år trygt i skjul bak coverlåtar er det på tide å dele eigne tekstar til eigen musikk. Låtane på «Played by heart» er skråblikk på dei utfordringane vi alle kan kjenne på, anten vi prøver å leve saman to og to eller har nok med oss sjølve. Tekstane til Atle Oen skildrar levd liv i evigunge låtskrivartema som den trøblete kjærleiken, psykisk helse, rus og alderdom.

– Vi spor Oen hva en bra låt er.

«Det er inga fasit på god låtskriving, men eit godt teikn er når ein tenkjer ´dette kunne vore meg. Eller oss!´», sier Oen, og fortsetter: «Slik som i låta ´Easy´ som vart til etter ei sommarnatt på ein liten campingplass langs Mjøsas breidd.»

– Campingplass?

«Ja. Campingplassar er gull verdt for låtskrivarar, der ein gjerne får små glimt inn i andre sine liv. Og samtidig står fritt til å dikte vidare og bruke eigne erfaringar i historiane. Som det litt falma ekteparet som i taust tospann reiser same rute med bubil kvart år, lenge etter at ungane har flytta ut. Og som etter kvart innser at den tida dei såg fram til medan borna var med, er i ferd med å verte i meste laget no. ´You and me, that would be easy…´»

– Så tekstene er viktige for deg?

«Tekstane tek alltid dei svakaste sitt parti, og historiane fortener å bli lyfta fram. Som det unge paret som slit med rusavhengighet, som både dreg kvarandre ned og løfter kvarandre opp, gjennom kvardagar som berre kjem ein om gongen, i ´For as long as we both shall live…´»

Thomas Larsen i Fabriken studios i Malmø har produsert plata. Han har lang fartstid i sjangeren, både som produsent, låtskrivar og musikar. Saman har dei arrangert og produsert ei plate der historiane kjem først.

«´Played by heart´ er ei varm, menneskeleg og melodisterk plate med tekstar og skjebner som treff.  Alt pakka inn i ein rufsete americanasound, der steelgitar, hammondorgel, banjo og mandolin gir karakter, særpreg og variasjon.  Låtane vekslar mellom nedstrippa, akkustiske viser til fullt rockeøs med hissige elgitarar og hylande hammondorgel», avslutter debutanten.